hoddhandball_02_05.png
MENY

Ansvar og bruk - verdikort

Nedanfor følgjer retningslinjer for ansvar, bruk, oppbevaring vedrørande verdikort som blir nytta ved fergereiser.

  • Lagleiar skal ha ansvar for kortet til sitt lag og har ansvaret for at skjema for reiserekning blir utfylt. Skjema for reiserekning og kvitteringar skal leverast til kasserar ved sesongslutt.
  • Når lagleiaren sjølv ikkje følgjer på bortekampar, må kortet sendast med ein av sjåførane som då får ansvar for betalinga. Vedkommande må returnere kortet til lagleiaren etter reisa, saman med kvittering som viser restverdien i verdikortet. Lagleiar har ansvaret for at det blir utfylt skjema for reiserekning.
  • Lagleiaren må passe på at verden i kortet dekkjer neste reise. Dersom det er nødvendig å fylle på kortet, skal lagleiaren gi kasserar beskjed i god tid slik at det kan overførast forskott for å betale dette.
  • Handballgruppa dekkjer utgifter til ferge for bilar som skal frakte spelarar, trenar og lagleiar.

Skjema finn du her

Autopass

Handballgruppa dekkjer utgifter for bilar som fraktar spelarar, trenar og lagleiar til kampar (i henhold til køyreliste) gjennom bruer og tunellar som har autopass (t.d. Eiksundsambandet)

Lagleiar fyller ut dette skjemaet og sender det til kasserar etter reisa. Kasserar overfører oppgjer fortløpande til kvar enkelt.

Skjema finn du her

Hovudsponsorar: