hoddhandball_02_05.png
MENY

Oppgåver / sjekkliste for lagleiar

  • Sjekk terminliste
  • Spelarliste (mal) skal sendast til kasserer i handballgruppa - Torill Gjerde på epost (lenke) -  i god tid før seriestart. Listene må også sendast til arrangementsansvarlig Siv Mette Møller på epost (lenke). Denne må også verte oppdatert gjennom sesongen om nye spelarar kjem til eller sluttar.
  • Sjekk at spelarar som er lisenspliktige har betalt denne før første kamp. Dersom ein spelar ikkje har betalt etter gjeldande regelverk kan klubben få bot, denne vil då bli belasta den enkelte splerar. Gjer merksam på dette til laget.
  • Lage køyreliste/draktvaskliste for laget, fordel køyring på alle foreldre. Husk at handball er eit lagspel, lat også alle foreldre få "spele på lag"
  • Ferjekort - sjekk om dette er klart til seriestart og er fylt opp til neste kamp. Ferjekortet får du av kasserar i handballgruppa.
  • Drakter skal vere samla i draktbag, dersom ikkje anna er avtalt. Sjekk at dei er klare til kamp. Ved bortekampar - sjekk motstandars farge på drakt, bortelag må skifte draktfarge. Draktene skal leverast inn til sportsleg leiar ved sesongslutt.
  • Ved kamp - fyll ut kamprapport i god tid før kampstart, den får du i sekretariatet.
  • Kvart lag har ei ramme på 3000kr, dette skal td. dekke påmeldingsavgift for laget i ein cup/turnering, - ikkje den enkelte spelar
  • Dersom laget har ønske om inntekstgjevande arbeid eller lotteri skal styret informerast og godkjenne dette. Det same gjeld kontakt med næringslivet for sponsormidlar.

Hovudsponsorar: