hoddhandball_02_05.png
MENY
Heimesida og sosiale media


Heimesida blir no ivaretatt av styremedlem media, Marius Rosbach
epost (lenke) eller telefon 90 73 67 74.

 

Bruk av bilde

Ved utlegging av bilder på heimesida vil personane på desse ikkje bli namngitt - om dette ikkje er spurt om i kvart enkelt tilfelle.

Styret ber om at lagleiar på kvart lag innhentar samtykke frå spelarane sine føresette for publisering av lagbilde på heimesida vår og Facebook-sida vår. Dersom ein spelar ikkje ynskjer slik publisering, er det viktig at ein får beskjed om dette. Skjema for samtykke finn du her

Meldingar og endringar kan sendast på epost (lenke)

 

 Heimesida

 

 Vi ønskjer at heimesida i første rekke skal vere ei kjelde for praktisk informasjon om klubben og idretten. Det er viktig at all informasjon er oppdatert - og til det treng styret hjelp til dømes ved endringar på trenarar og lagleiarar.

 

Sosiale media

 

Vi ønskjer også at både støtteapparat og føresette fortel om stort og smått som skjer i klubben.Mange av laga har eigne lagsider på Facebook.

Send gjerne óg ein epost (lenke) med oppdateringar frå kampar, turnering og trening - som kan leggjast ut på Facebook-sida (lenke) til klubben.Strømmen frå Facebook-sida visast på startsida her på heimesida.

Send også gjerne faglege innspel, eller andre tips.

Dokke kan óg merke bilde med #høddhandball på Instagram.

 

Hovudsponsorar: