hoddhandball_02_05.png
MENY

Historia i korte trekk:

Handballgruppa fyller 70 år i 2016

 

Handballgruppa i Hødd blei skipa i 1946 og feirar 70 års-jubileum i 2016.

(Historisk kjelde: «Høddboka» Heia Hødd 1919-1994 av Arne Flatin)

Rett etter krigen var ikkje alt slik som i dag. Det heile starta med berre eit damelag. Dei hadde ikkje skikkeleg ball, og drakter blei lånt av fotballaget.

Den første sesongen blei ein suksess, og laget blei kretsmeister i klasse A. I 1953 blei handballaget meldt ut av kretsen, grunna stor fråflytting frå bygda. Og det skulle gå heile 14 år før handballdamene var på plass igjen i 1967.

Sjå historiske bilde her (lenke)

Etter ein notis i lokalavisa det året møtte nesten 30 jentespelarar opp for å trene på Samfunnshuset. Skuleplassen i Ulsteinvik blei brukt til trening og kamp. Då idrettshallen mellom barneskulen og ungdomsskulen stod ferdig, blei også treningsforholda vesentleg betra.

Nivået gjekk oppover, og i 1969 blei damelaget KM-vinnarar innandørs. «Heimebana» i sesongane 1968-1978 var Ørsta, noko som var slitsamt i lengda. Men det var ein stor overgang til det betre etter at den tidlegare Ulsteinhallen stod ferdig.

I ettertid har perioden 1969 til 1984 vore trekt fram som den beste i handballgruppa, og særleg 1982-årgangen for damene. Dei var nær ved å kvalifisere seg til det som då var den nye 3. divisjonen.

I 1978 blei det sett i gang herrelag og gutelag for 14- og 16-åringar. Men herrelaget bestod stort sett av fotballspelarar, som etterkvart brukte meir av fritida på fotballen.

Dei kunne likevel spele god handball: Då gutelaga var lagt ned to år seinare, vann dei som utgjorde G16 over Herd då dei stilte opp i «Høddcup». Herd blei kretsmester same år, medan Hødd ikkje klarte å stille lag i serien på grunn av mangel på trenarar.

Dei seinare åra har interessa for handballen skote fart i lokalmiljøet, og i sesongen 2015/16 har klubben 13 lag i ulike aldersgrupper. Framfor sesongen vart det skipa eit nytt damelag som består av mange yngre spelarar, i tillegg til det etablerte seniorlaget. For første gong på nær 30 år stilte Hødd også med eit herrelag 2015/16-sesongen.

Bygging av nye Ulsteinhallen har vore med å legge forholda betre til rette for trening og kampar.

Sjå video frå opninga av Ulsteinhallen 8. januar 2015 (Sunnmørsposten):

Hovudsponsorar: