hoddhandball_02_05.png
MENY

Ulstein Cup 21. - 24. juli 2016

ulstein_cup_plakat.jpg

(trykk på plakat for stor versjon)

Nokre bilde frå Ulstein Cup:

Trykk her for å sjå fleire bilde og video 

ulstein_cup1.jpg

Suksess med Ulstein Cup:

Nær 7000 kom til handballfesten

Hødd handball og handballforbundet takkar publikum, sponsorar og frivillige for innsatsen under Ulstein Cup.

I løpet av tre kampdagar  har dei norske Handballjentene møtt Romania, Spania og Frankrike til fartsfylte oppgjer i Ulstein Cup  21. til 24. juli. 

Spania blei turneringsvinnar med Norge på andreplass. 

Les meir om resultata og statistikk på handballforbundet sine heimesider her

Billettane til landslagsturneringa har vore utselt både laurdag og søndag med fleire enn 2000 på tribunane kvar dag. Første kampdag var det berre ein handfull billettar att. Med frivillige og andre tilreisande har det dagleg vore fleire enn 2300 personar i Ulsteinhallen.

– For Hødd handball har det vore eit kjempeløft å arrangere den første landslagsturneringa på Sunnmøre. Då er det kjekt at alt frå publikum til veret har spelt på lag med oss. Det har vore skapt ei ramme kring kampane vi berre har drøymt om, med landslaget på fisketur i solskin og tilreisande frå heile handballfamilien i Møre og Romsdal. Handballgruppa har hatt om lag 200 frivillige i arbeid kvar kampdag. Mange har stått på tidleg og seint alle dagar, og vi er ekstremt takksame for innsatsen til alle som har vore med å gjere dette muleg, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Ulstein kommune er hovudsponsor for Ulstein Cup, og har stilt villig opp med praktisk tilrettelegging. Med tv-sendte kampar og brei mediedekning har landslagsturneringa blitt akkurat den flotte marknadsføringa av distriktet som klubben håpa på. 

– Vi i Norges Handballforbund sentralt og Region Nord takkar teknisk arrangør Hødd handball og alle dei frivillige for hyggelege dagar her i Ulsteinvik. Gjennomføringa av arrangementet har gått strålande. Forbundet takkar Ulstein kommune og samarbeidspartnarar for gjestfriheita og velvilje. Ein stor takk også til publikum for fantastisk engasjement, seier arrangementsansvarleg  Kia Otnes i handballforbundet.

No gler handballgruppa seg til å invitere små og store til ny handballfest, og ei skikkeleg markering av 70-årsjubileet for handballen i idrottslaget Hødd. Det skjer i samband med sesongopninga i haust.

Les meir om landslagsturneringa her

kart_parkering_ulstein_cup.jpg

Velkomen til Ulstein Cup

Praktisk informasjon

Parkering
Ulsteinhallen ligg side om side med Høddvoll stadion. Det er fleire parkeringsplassar sør og aust for hallen (merka på kart). Det er også parkeringsplass ved barnehage nord for hallen med tilgang til hallen via gangveg. 

Parkering for handikappa og reserverte plassar for presse er på vestsida av hallen (langs Ulsmohallen). 

Billettkontroll
Billettar blir kontrollert ved inngang til «publikumssone» utanfor sjølve Ulsteinhallen. Kontrollen startar halvanna time før første kampstart.

Vi oppmodar publikum til å skrive ut billettane på førehand for å gjere kontrollen så enkel som mogleg. Billettar på ordinære felt blir kontrollert ved skanning. Billettar på klubbtribune blir kontrollert ved å rive i papirbillettane. 



Hallen opnar seinast ein time før kampstart. Det er to inngangar for publikum på austsida av hallen og ein inngang på vestsida. Billettane er ikkje nummerte, men fordelt på ulike felt.

Barn under fire år kjem inn gratis.

Servering

Det blir kiosksal inne og utanfor hallen med sal av mellom anna svele, brus og kaffi. 
 
I hallen serverer vi også Handballmenyen mellom anna med sushi, torskenuggets og laksewraps.

Det vil vere muleg å betale kontant, med kort - og med mobiltelefon via app-en Sping (sjå informasjon her).

NB! Inne i hallen er det berre betaling med kontantar og Sping.


Reise
Du kjem med bil til Ulsteinvik via ferje Sulesund-Hareid fylkesveg 61, eller Eiksundtunnelen fylkesveg 653. 

Reisande med frå Vigra og Ålesund kan ta buss frå flyplass til hurtigbåt Valderøy-Hareid (25 min.), deretter drosje/rutebuss Hareid-Ulsteinvik (10 min.).

Reisande med fly til Hovden, Ørsta kan ta drosje/rutebuss frå flyplass til Ulsteinvik (ca. 30 min.). 

Rutetider hurtigbåt Ålesund-Valderøy-Hareid (pdf)

Rutetider buss

Velkomen til handballfest!

tribunekart_ulsteinhallen.jpg

Velkomen til Ulstein Cup

Dei norske Handballjentene møter Frankrike, Spania og Romania i Ulsteinhallen 21. til 24. juli.

Oppdatert 23. juli: Alle billettar til laurdag og søndag er utselt 

NB! Billettane gjeld for heile kampdagane - med andre ord får alle med seg ein kamp med dei norske verdsmeistrane.

Praktisk info om arrangementet 

Torsdag 21. juli:
Frankrike-Spania (17.15) 
Norge-Romania (19.30)

Sjå praktisk info på vårt Facebook-arrangement


Laurdag 23. juli:
Romania-Frankrike (17.15)
Norge-Spania (19.30)

Sjå praktisk informasjon på vårt Facebook-arrangement


Søndag 24. juli:
Spania -Romania (15.45)
Norge-Frankrike (18.00)

Sjå praktisk informasjon på vårt Facebook-arrangement

Spørsmål? 

Send melding til oss på Facebook her

Presseskriv Ulstein Cup

Dei norske Handballjentene etter VM-sigeren i Danmark. I juli spelar laget landslagsturnering på Sunnmøre i samband med at Hødd handball har 70-årsjubileum. Foto: Svein Andre Svendsen/NHF
Dei norske Handballjentene etter VM-sigeren i Danmark. I juli spelar laget landslagsturnering på Sunnmøre i samband med at Hødd handball har 70-årsjubileum. Foto: Svein Andre Svendsen/NHF

 

Verdsmeistrane i handball kjem til Ulsteinvik

No har du sjansen til å oppleve dei ferske verdsmeistrane i handball spisse OL-forma på heimebane. Det norske damelandslaget møter tre andre toppnasjonar til turnering i Ulsteinvik 21.-24. juli.

I samband med 70-årsjubileet til Hødd handball, ønskjer klubben velkomen til den første landslagsturneringa i handball på Sunnmøre. Hødd handball gler seg til å vere vertskap for firenasjonarsturneringa i Ulsteinhallen 21.-24. juli saman med Norges Håndballforbund.

Dei norske Handballjentene møter Romania, Spania og Frankrike over tre kampdagar. Det spelast to kampar kvar dag og oppsettet er som følgjer:

Torsdag 21. juli: Frankrike-Spania (17.15) og Norge-Romania (19.30)
Laurdag 23. juli: Romania-Frankrike (17.15) og Norge-Spania (19.30)
Søndag 24. juli: Spania -Romania (15.45) og Norge-Frankrike (18.00)

Bilettar (kr 330,- per kampdag) kan kjøpast på www.sjoborg.no,
eller servicekontoret ved Ulstein rådhus.

– Dette er heilt fantastisk for handballfamilien i heile regionen. Å få besøk av dei beste Handballjentene i verda før dei skal til Rio og kjempe om nye triumfer er ganske spektakulært. Vi håper på mykje publikum og skikkeleg stemning rundt kampane. I samband med turneringa bygger vi opp nye tribuner i Ulsteinhallen, men det vert eit avgrensa billettar tilgjengeleg for sal, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Det norske landslaget kjem til Ulsteinvik allereie måndag 18. juli. Hødd handball håper å stelle i stand ei opplevingsrik veke for gjestar og besøkande med beachturnering, familiearrangement og seminar. Veka etter turneringa reiser landslaget til OL i Rio de Janeiro.

– Klubben sett stor pris på velviljen vi allereie har møtt frå Ulstein som vertskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi håpar alle handballinteresserte på Nordvestlandet vil støtte opp om arrangementet og gjere dette til ein handballfest for heile regionen. Vi treng både frivillige og sponsorar, og dei som ønskjer å bidra kan ta kontakt med klubben via heimesida vår, seier Jarl Martin Møller.

Med tv-sendte kampar og brei mediedekning har klubben trua på at arrangementet vil vere ei unik mulegheit for nasjonal merksemd for Sunnmøre og lokalt næringsliv.

Meir info? Kontakt leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball på telefon 97 50 67 61.

 TIL PRESSE: Frist for akkreditering 18. juli.
Påmelding her (lenke til håndballforbundet)

Om Hødd handball:

  • Hødd handball er ein del av idrottslaget Hødd i Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Handballgruppa blei starta i 1946 og feirar 70-årsjubileum i 2016.
  • Noverande sesong har klubben nær 200 aktive spelarar i hovudsak på aldersbestemt nivå. Klubben har òg to senior kvinnelag (4. divisjon Trønder Energi-serien) og eit senior herrelag (4. divisjon Trønder Energi-serien). 
  • Hødd handball opplever vekst,  auka rekruttering og betring i treningstilhøve. Ulsteinhallen som blei opna januar 2015, har vore viktig for å skape eit godt aktivitetstilbod i Ulsteinvik.
  • Handballgruppa arbeidar for at Norges handballforbund sine verdiar vert fremja i lokal idrett. Styret i Hødd handball har ambisjon om å auke tilbodet ytterlegare, og vere ein god breiddeklubb i vårt område.
  • Meir informasjon kan du finne på heimesida handball.hodd.no

 

billettar_front2.jpg

Mange vil oppleve dei norske verdsmeistrane:

Hødd handball gler seg til å feire 70 år

 

Det er planlagt å bygge tribuner med om lag 2000 sitjeplassar. Interessa frå handballmiljøet har vore stor, og meir enn halvparten av billettane var allereie reserverte eller selt etter få dagar med førehandssal via klubbane i Møre og Romsdal.

– Vi er kjempenøgd med responsen. Dei som ønskjer å sikre seg billettar til årets handballfest må vere raske, og vi lovar ei kjempeoppleving i Ulsteinhallen med verdas beste handballspelarar i aksjon, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Handballgruppa i Hødd feirar 70-årsjubileum i år, og vil markere dette i samband med turneringa.

Dei norske Handballjentene kjem til Ulsteinvik allereie måndag 18. juli. Hødd handball planlegg ei opplevingsrik veke for gjestar og besøkande med handballskule, beachturnering, familiearrangement og seminar. Veka etter turneringa reiser landslaget til OL i Rio de Janeiro.

Billettane til landslagsturneringa i handball i Ulsteinvik i juli blei lagt ut for ordinært sal fredag 11. mars.

Hødd handball og handballforbundet arrangerer firenasjonar-turnering 21.-24. juli, der dei norske Handballjentene deltek. Landslaget møter toppnasjonane Spania, Frankrike og Romania til kampar i Ulsteinhallen.

Det spelast to kampar kvar dag og oppsettet er som følgjer:

Torsdag 21. juli: Frankrike-Spania (17:15) og Norge-Romania (19:30)
Laurdag 23. juli: Romania-Frankrike (17:15) og Norge-Spania (19:30)
Søndag 24. juli: Spania-Romania (15:45) og Norge-Frankrike (18:00).

NB! Kvar billett gjeld heile kampdagen - altså to kampar. 

Hovudsponsorar: