hoddhandball_02_05.png
MENY

Innkalling - møte er ope

_rsm_te_h_dd_il-2017.jpg

Årsmøtesaker må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste vert lagt ut på heimesidene til Hødd Fotball, Hødd Handball og Hødd Turn, seinast ei veke før møtet. 

Sjå årsmelding for 2016 og førebels sakspapir i pdf-fil under

_rsmelding_for_2016_fr_styret_i_il_h_dd.pdf

Fredrikstad Cup 2017:

fredrikstad-cup-skjermdump-invitasjon.jpg

Påmeldinga er opna

Les invitasjon til Fredrikstad Cup 3. til 5. juni 2017 i lenka under. 

Påmelding opna 23. november klokka 18.

Dette er den største handballlturneringa i landet med meir enn 700 plassar. Arrangøren oppmodar om å vere tidleg ute med å melde seg på. 

Les invitasjon frå nettlesar (lenke) eller sjå den som pdf-fil under.

invitasjon_til_fredrikstad_cup-2017.pdf

20.-22. februar i Ulsteinhallen

h_ndballskolen-vinterferien_-2017-kopi.jpg

Velkomen til handballskule

 

Trykk på bilde over for større versjon

NB! Det er ikkje lengre ledige plassar

Har du spørsmål? Kontakt leiar Jarl Martin Møller på epost her (lenke)

Innkalling

annonse_rsm_te.jpg

Møtet er ope - velkomen!

Styret foreslår ei rekkje nye satsingar i Hødd handball og du kan lese årsmøtepapira i lenka under.

Les om den økonomiske situasjonen, dugnad, prosjekt «kompetanse i klubb», allidrettskule, visjon og verdiar, miljøtiltak i klubb, samarbeid med Ulstein vidaregåande skule og innkjøp av utstyr.

I tillegg rår styret at treningsavgifta vert uendra i 2017 og at klubben i budsjett 2017 reduserer eigenkapitalen med 110.000 kroner for å imøtekome satsingane. 

Vidare har valkomiteen kome med si innstilling til eitt nytt styre i Hødd handball. Du ser innstillinga ved å lese årsmøtepapira.

Les sakspapira her (lenke)

(...)

h_dd-handball-sparebanken-m_re-fb.jpg

HØDD HANDBALL 70 ÅR

Feira 70 år og ny sponsoravtale

Utøvararar, foreldre og støttespelarar til Hødd handball feira 70-årsjubileet til  handballgruppa – og fornya avtale med hovudsponsor Sparebanken Møre.

Mange av medlemmane i Hødd handball var fredag 9. desember 2016 samla i Ulsteinhallen for å markere at det i år er 70 år sidan det blei starta opp handballgruppe i Idrottslaget Hødd. Klubben inviterte på pizza, EM-kamp på storskjerm med dei norske handballjentene og mimring med video og bilde frå Ulstein Cup i sommar.

Samstundes kunne klubben feire at hovudsponsor Sparebanken Møre aukar si støtte til Hødd handball – og fornyar avtalen med klubben for to nye år.

– Det er vi veldig stolte av. Samarbeidet er både viktig og naturleg for banken. Handball er ein stor idrett i fylket, og det er viktig for Sparebanken Møre å fremme både topp- og breiddeidrett, seier banksjef Nina Sundgot i Sparebanken Møre.

Sundgot seier at banken og Hødd handball begge er lokalt forankra, har lang historie – handballen 70 år og sparebanken 160 år – og at dei har felles verdigrunnlag. Ho seier banken er opptekne av at både Ulsteinvik, og fylket som heilheit, skal vere gode stader å bu. Eit brennande engasjement for lokalmiljøa dei er ein del av, er bakgrunnen for at banken kvart år støttar det frivillige idrott- og kulturlivet med betydelege beløp.

Leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball påpeiker at slik støtte er heilt avgjerande for klubben.

– I ei tid der delar av næringslivet opplever tunge tider, sett vi ekstra stor pris på at Sparebanken Møre aukar støtta, og gir oss mulegheit til å halde fram med å gi eit best mogleg tilbod for dei som ønskjer å spele handball i lokalmiljøet, seier Møller.

Handballgruppa takkar samstundes dei andre sponsorane - Ulstein-gruppa, Tussa, Ulsmo, Jets, Ulmatec, Island Offshore, Rolls-Royce, Møbelringen, Arbiro og Umbro - for godt samarbeid.

Hødd handball arbeidar for at Norges handballforbund sine verdiar vert fremja i lokal idrett. Styret har ambisjon om å auke tilbodet ytterlegare, og vere ein god breiddeklubb.

SLIK UNNGÅR DU SKADER i handball:

kamilla.jpg

Skader i knær, anklar og skuldre er dei vanlegste skadene

Øvingane gjer deg til ein betre handballspelar og bør vere ein naturleg del av oppvarminga i trening og kamp.

Les meir på klokavskade.no (ekstern lenke)

 

 

11. februar 2016:

Årsmøte Hødd handball 

Styret takkar Frode Hofseth for innsatsen i styret i Hødd handball gjennom fem år - og ønskjer Erik Leenders velkomen som styremedlem med ansvar for material.

Sjå sakspapir og protokoll frå årsmøte i Hødd handball under (pdf-fil)

 

handball_rsm_te_2015_11022016_fullstendig_v.pdf

Vinter 2016:

Oversikt treningstider

Her er treningstider i Ulsteinhallen for sesongen 2015/16

Oversikt over trenarar og lagleiarar finn du her (lenke)

(oppdatert sept. 2015 - trykk på bilde for større versjon)

treningstider_2_haust_2015.jpg

Invitasjon frå Bergsøy IL:

Velkomen til REM-Cup 16. - 18.september

(trykk på plakaten for stor versjon)

invitasjon_rem_cup_2016.jpg
turnering_dugnad.jpg

DUGNAD:

Få inn pengar på turnering

Hødd handball har dei siste åra budsjettert med inntekt frå dugnad. For 2016 er denne sett til 120.000 kroner.

Alle laga er forventa å bidra til dette arbeidet, og i fjor blei det lagt ned ein stor innsats frå foreldre og spelarar i klubben med å selje dopapir.

Denne dugnadsforma passar likevel ikkje alle. Difor har styret oppmoda laga til å arrangere turnering for å tene inn sin del av dugnadspengane gjennom kiosksal og liknande. Foreldregruppa må i tilfelle ta ansvar for gjennomføring.

Klubben har lite erfaring med å arrangere turnering i Ulsteinhallen, men dei som ønskjer kan få utdelt rekneskapen for dei to turneringane som har vore - for å sjå kva for inntekter dette kan utgjere.

 Er dette noko for ditt lag? Ta kontakt med nokon i styret (lenke) for å få vite meir

 Endring i oppsettet for landslagsturneringa:

Spania tek plassen til Danmark

Norges Handballforbund har fått beskjed om at Danmark må trekke laget frå landslagsturneringa i Ulsteinvik 21.-24. juli 2016. Årsaka er at danskane ikkje kvalifiserte seg til Rio-OL, og difor ikkje rår over spelarane denne perioden.

Spania har takka ja til å ta over Danmarks plass. Det spanske laget førebur seg på å forsvare OL-bronsen frå 2012.

Kampane i Ulsteinhallen 21. -24. juli vert som følgje av dette slik:

Torsdag 21. juli: Frankrike-Spania (17:15) og Norge-Romania (19:30)
Laurdag 23. juli: Romania-Frankrike (17:15) og Norge-Spania (19:30)
Søndag 24. juli: Spania-Romania (15:45) og Norge-Frankrike (18:00)

Billettane til kampane er lagt ut for sal på Sjøborg Kulturhus si side www.sjoborg.no . Billettar kan også kjøpast i servicetorget i Ulstein rådhus.

 

tribunekart_ulsteinhallen.jpg

Oppdatert: Alle billettane er no utselt

Siste sjanse til å sikre deg billett for å sjå dei norske verdsmeistrane i Ulsteinhalllen

Velkomen til Ulstein Cup

Dei norske Handballjentene møter Frankrike, Spania og Romania i Ulsteinvik 21. til 24. juli.

Billettpris per dag 330 kr.

NB! Billettane gjeld for heile kampdagane - med andre ord får alle med seg ein kamp med dei norske verdsmeistrane.

Turneringa blir arrangert av Hødd handball i samarbeid med Norges handballforbund. Handballgruppa til Hødd markerer samstundes 70-årsjubileum.

Det er flest ledige billettar til kampane torsdag 21. juli, men det er framleis ein del billettar igjen til søndag 24. juli. Til kampane laurdag 23. juli er det knapt med billettar igjen.

Slik spelast kampane:

Torsdag 21. juli: Frankrike-Spania (17:15) og Norge-Romania (19:30)
Laurdag 23. juli: Romania-Frankrike (17:15) og Norge-Spania (19:30)
Søndag 24. juli: Spania-Romania (15:45) og Norge-Frankrike (18:00)

Har du spørsmål? Ta kontakt via Facebook-sida til Hødd handball (lenke) - eller du kan ta kontakt med nokon i styret (lenke) i handballgruppa.

TIL PRESSE: Frist for akkreditering er 18. juli.
Påmelding her (lenke til håndballforbundet)

Utvalde saker om Hødd handball

 Har du tips til saker som bør leggjast ut? Send ein epost (lenke) til Marius Rosbach eller skriv eit innlegg på Facebook-sida vår (lenke)

 

 

hoddhandballlandslag_10_1_.jpg

23. desember 2015:

Hødd ønskjer verdsmeistrane velkomne

Hødd handball jobbar for å arrangere firenasjonars-turnering i Ulsteinvik i juli 2016, og håpar dei norske handballjentene kjem til Sunnmøre for å spisse OL-forma.

Hødd handball håpar å få gleda av å invitere store og små til handballfest : Klubben ønskjer å arrangere ei firenasjonar-turnering i Ulsteinhallen 21.-24. juli 2016. Same år feirar idrottslaget 70 år som handballklubb.

Klubben er i dialog med handballforbundet om å arrangere det vi håpar blir ei kjempeoppleving for alle handballinteresserte på Nordvestlandet. Vi har merka oss at trenar Thorir Hergeirsson har uttalt seg positivt om arrangementet i media, og håpar styret i forbundet delar oppfatninga til landslagstrenaren. Ei endeleg avgjersle blir teken i januar.

Om alle detaljar fell på plass, kjem det norske damelandslaget til Ulsteinvik saman med tre andre landslag før OL i Rio de Janeiro. Kven som blir motstandarar, blir avgjort i løpet av vinter/vår 2016 - men Norge ønskjer sjølvsagt topp motstand framfor deltakinga i dei olympiske sommarleikane.

– Vi håpar å få vere vertskap for dei aller beste handballnasjonane i verda. Det er heilt fantastisk om dei vil bruke Ulsteinvik i si oppkøyring før avreise til OL i Brasil. Klubben og heile Sunnmøre gler seg til å skape positive handballopplevingar – og dette er sjølvsagt ei god ramme om 70-årsjubileet vårt. Like fullt er det viktig å skape gode opplevingar for alle handballklubbane i vårt nærområde og eg håper mange frivillige ønskjer å bidra, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball. 

Under turneringa er det planlagt å spele to kampar kvar dag, torsdag 21. juli, laurdag 23. juli og søndag 24. juli. Billettar til kampane er planlagt lagt ut for sal så snart som råd på nyåret.

Hødd handball planlegg ei opplevingsrik veke for gjestar og besøkande med handballskule, beachturnering, familiearrangement og seminar. Klubben håpar på eit godt samarbeid med alle handballklubbane på Sunnmøre, sponsorar, Ulstein kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune for å gjennomføre eit av dei største sportsarrangementa i lokalmiljøet nokon gong. 

Hødd handball er ein liten klubb, men opplever vekst,  auka rekruttering og betring i treningstilhøve. Noverande sesong har klubben nær 200 aktive spelarar i hovudsak på aldersbestemt nivå. Klubben har òg to senior kvinnelag (4. divisjon Trønder Energi-serien) og eit senior herrelag (4. divisjon Trønder Energi-serien). 

Handballgruppa arbeidar for at Norges handballforbund sine verdiar vert fremja i lokal idrett. Ulsteinhallen som blei opna januar 2015 har vore viktig for å skape eit godt aktivitetstilbod i Ulsteinvik. Styret i Hødd handball har ambisjon om å auke handball-tilbodet ytterlegare, og stå fram som ein god breiddeklubb i vårt område. Når nye Ulstein Arena står ferdig, vil vi kunne ta nye steg med å utvikle gode og sunne oppvekstvilkår.

VIL DU VERE FRIVILLIG

Meld di interesse her (lenke)

Meir informasjon:
Kontakt leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball på telefon 975 06 761. 

 

Vil du gjere ein innsats for integrering?
ulsteinhallen_eksteri_r_kopi.jpg

Handballen treng frivillige

Hødd handball ønskjer i samarbeid med Link i Ulsteinvik (lenke) å gi eit aktivitetstilbod til einslige mindreårige asylsøkjarar i Ulsteinvik.

Kring 30 gutar i alderen 15 til 17 år som bur ved mottaket. Hødd handball har etter søknad fått midlar frå UDI til integreringstiltak, og treng aktive/trenarar som kunne tenke seg å hjelpe til i dette arbeidet.

I første rekke treng vi nokon til å lede organisert trening slik at gutane får ein ide om kva handball er - og etter kvart sjå på moglegheitene for eit fast aktivitetstilbod. Vi er litt ledig tid i Ulsteinhallen, men mottaket disponerer også treningstid i idrettsbygget ved ungdomsskulen vi kan nytte.

Vi sett stor pris på om nokon melder seg til å bidra til eit slikt tiltak - og tek kontakt med sportsleg leiar Linda Håberg på telefon 94 87 21 87 - eller på e-post (lenke).

 

Vikebladet 15. oktober 2015:
h_dd_handball_herrar_seriestart2_web.jpg

Hødd er tilbake i herrehandballen

Klare for sesongstart og eit nytt kapitell i Hødd handball si historie.

Les saka på nettsidene Vikebladet

Vikebladet 18. september 2015
krafttaket_h_dd_handball_rydda_strender.jpg

Hødd handball rydda strendene

Hødd Handball rydda Osnessanden, Roppesanden og Ulsteinstranda. Klubben er eitt av ti lag eller organisasjonar som er plukka ut til Tussa sitt Krafttaket 2015.

Les saka på nettsidene til Vikebladet.no

Vikebladet 15. september 2015
h_dd2_rsta_kopi.jpg

Hødd-damene stiller to lag

Hødd stiller i år med to lag i 4.-divisjon. 16. september er det sesongstart for det nyoppretta andrelaget. Medan Hødd 1 har sin første kamp borte mot Ørsta onsdag 30. september. 

Les saka på nettsidene til Vikebladet.no

Vikebladet 21. august 2015:
nye_dommarar_i_h_dd_kopi.jpg

To nye dommarar i Hødd handball: – Kjekt å ha hobbyen som jobb

Hødd handball har to nye dommarar som er klare for sin første sesong. Kunne du tenke deg å dømme handball? Fleire kurs arrangerast dei neste vekene.

Les saka på nettsidene til Vikebladet

Vikebladet 18. april 2015
topp_5b.jpg

Handballfest for dei yngste - fyrste miniturnering i Ulsteinhallen

Kring 200 handballspelarar frå Søre Sunnmøre og Ålesund-området var samla til miniturnering i Ulsteinvik.

Les saka og sjå bilda på nettsidene til Vikebladet

12Neste

Hovudsponsorar: